Frå seint onsdag kveld til fredag morgon er det venta snøbyer, og det vil lokalt komme rundt 10–25 cm snø på 24 timar.

Tidlegare denne veka vart det sendt ut gult farevarsel for snø tysdag og onsdag, og det har kome mykje snø. No er varselet utvida til fredag morgon. Farevarselet gjeld for delar av Møre og Romsdal og Vestland.

Laurdag kveld er det venta at vêret snur. Då blir det plussgrader og regn. Regn får vi meir av søndag. Då er det venta mykje regn, fem plussgrader og frisk bris.