– Det blei verre. Eg hadde jo eit publikum som budde ei og to netter på Selje Hotel og kom til Selje for mi skyld, seier kunstnaren.

Han anslår at besøkstala i galleriet er halvert mot sommarsesongen i fjor.

Kunstnaren peikar på dei færre tilboda i Selje.

– Det var ein periode der Vestkapp hadde servering, og no veit eg ikkje korleis Furebuda er, men det blir færre tilbod.

– Eg ser ein nedadgåande spiral i Selje. Det er det det handlar om. Det er ikkje spesielt for meg. Så snakkar dei om at alt skal bli fantastisk når tunnelen kjem. Eg vil sjå den først, seier Amdam, som kjem med ei forsiktig oppmoding:

– For dei som ikkje har besøkt meg dei siste tjue åra, så er siste sjansen no – og det ville jo vere dumt å vente heilt til 14. august, smiler Amdam.