Berre ein av åtte ordførarar i Nordfjord og Vanylven har bestemt seg for å takke ja til å stille til val som ordførar for ein ny periode.
Halvparten av dei som i dag styrer desse kommunane har sagt nei til ein ny fireårsperiode i ordførarstolen.
Tre har ikkje bestemt seg endå.
Slik er statusen på ordførerkabalen i Nordfjord og Vanylven torsdag 21. august:
Bremanger: Karl Vidar Førde (Sp): Nei
Eid: Alfred Bjørlo (V): Ikkje bestemt seg
Gloppen: Anders Ryssdal (Sp): Nei
Hornindal: Anne Britt Øen Nygård (Sp): Ikkje bestemt seg
Selje: Ottar Nygård (Tverrpolitisk liste): Nei
Stryn: Sven Flo (H): Ja
Vanylven: Jan Helgøy KrF): Nei
Vågsøy: Morten Hagen (H): Ikkje bestemt seg