Ein tipsar melde frå om køane like over klokka 12.00 onsdag.

Ifølge tipsar var ein lastebil som blokkerte vegbana årsaka til kødanninga. Det var folk på staden som dirigerte trafikken, men det var ikkje naudetatane sine folk.

Verken Vegtrafikksentralen vest eller politiet sin operasjonssentral visste om hendinga då Fjordenes Tidende tok kontakt.

Foto: Fjt-tipsar