Onsdag sette ordførar Karl Vidar Førde (Sp) spaden i jorda, og la med det ned grunnsteinen for den største investeringa i Bremanger nokosinne.
Våren 2016 skal nye Svelgen omsorgssenter vere innflyttingsklart for bebuarar.
Nærmer seg oppstart
– Kontrakten med totalentreprenør Åsen & Øvrelid AS blei signert i januar i år. Vi hadde tilrigging i mars og byggestart i april. Så dei fekk halde på i tre månader før ferien. No er vi inne i første driftsveke etter ferien, seier prosjektleiar bygg Frank Husevåg i Bremanger kommune.
Heile kommunestyret, samt plan- og byggenemnda var med på grunnsteinsnedlegginga.
Revidert budsjett for byggeprosjektet ved anbodsopning er på 172,6 millionar.
Svelgen omsorgssenter skal ta over alle funksjonar frå Svelgen bu- og servicesenter samstundes som ein aukar opp bebuartilbodet med tanka på framtida.
Bygget er på over 5.000 kvadratmeter bruksareal. Senteret får 47 bueiningar mot dagens 39. Av desse er 38 institusjonsplassar og to korttidsplassar medan sju einingar er omsorgsbustader.
Les meir i papirutgåva fredag 29. august.