I eit forsøk på å hjelpe tre asylbarn i Kalvåg, har foreldre, vener og tilsette i skule og barnehage, skrive under på eit brev til UDI. Engasjementet blant foreldra er sterkt, og mellom andre Grete Berntzen håpar eit brev kan bidra positivt for desse spesifikke asylbarna. Nokre av asylbarna er født her og har vakse opp i Kalvåg og kjenner ikkje til noko anna liv enn dette. (Foto: Anita Ingebrigtsen)