Det var i utgangspunktet løyvd 15,2 millionar kroner til prosjektet. Totalt er arbeidet med ombygging og oppgradering av Eid eldretun no kostnadsrekna til 27.976.000 kroner.

Eit fellesframlegg frå Tore Hjelle (H) og Sigurd Reksnes (Sp), som vart samrøystes vedteke, seier at formannskapet at dei ber om at det vert gjort greie for om det er mogeleg å få statleg finansiering til prosjektet. Vidare ber ein om at det vert gjort greie for om ombygginga vil stette dei framtidige behova til helse og omsorgstenesta for heildøgns omsorgsplassar og omsorgsbustader.

Formannskapet ber også administrasjonen greie ut alternative løysingar for utbygging av Eid Eldretun nærast mogeleg opphavlege rammer.