Styrar Tove Hanebrekke Starheimsvik i Gjerdane barnehage meiner det er behov for fleire barnehageplassar i Eid kommune. Ho gler seg over at formannskapet har innvilga 20 millionar til to nye avdelingar i barnehagen på Nordfjordeid.
Formannskapet i Eid går inn for å bruke 20 millionar kroner på å utvide Gjerdane Barnehage. Planen er at det skal kome to nye avdelingar, samt garderobar og arbeidsplassar for dei tilsette ved barnehagen. Det er også lagt inn pauserom, møterom, nytt kjøkken med birom og heis. Kommunestyret tar ei endeleg avgjerd i saka i sitt møte komande torsdag. Begge foto: Jørn-Arne Tomasgard