Det var ikkje fritt for at mannskapet på autolinebåten Frøyanes sperra augo opp då denne gule torsken dukka opp på frå havet.

Ervik Havfiske sin nyaste linebåt er i fiske i Barentshavet i påska.

Erik Lyngvær om bord i Frøyanes seier det blei stor stemning blant mannskapet då denne uvanlege torsken kom opp gjennom dragebrønnen.

- Ingen hadde sett noko liknande før. Først tenkte vi at det var ein gulltorsk, og vi spøkte med kor mange karat den var. Men så kom vi på at det var påske, og då var det klart at dette var ein gul påsketorsk, seier Lyngvær.

Lyngvær seier dei har opplevd eit godt fiske, og at dei reknar med at det er berre dagar til at dei har fylt opp båten, og set kursen heimover.

Han vil ynskje alle heime og alle andre som er på sjøen i fiskeri ei god påske, og helsar frå alle på Frøyanes.