Ordførarkandidat for Høgre, Jorunn Frøyen (69), har tenkt lenge og nøye over problemstillingane rundt etablering av ein amoniakk/hydrogenfabrikk på det regulerte industriområdet på Holmaneset. Ho er ikkje redd for å møte seg sjølv i døra, sidan ho har markert seg sterkt som motstandar av vindkraftanlegget på Bremangerlandet.

– Naturtypen på fjellet på Bremangerlandet er unik og må takast vare på. Naturen er ein viktig del av turistproduktet vårt, men også viktig for meg og andre friluftsmenneske som brukar urørd natur og fjell til rekreasjon, påpeikar ho.

Toget går

Nedskaleringa av fossil energi internasjonalt og utvikling av utsleppsfrie energiberarar, det grøne skiftet, foregår no i stor skala internasjonalt.

– Eg høyrde nyleg intervju med norske investorar, som peikar på at Norge lett kan sakke akterut. Norske investorar investerer meir kapital utanlands enn her heime. Det bekymrar meg. Når ein så stor internasjonal aktør som australske Fortescue ønsker å investere mange milliardar og skape nye arbeidsplassar i vår kommune, då må vi ta det seriøst. Det er no vi har sjansen. Hydrogen- og amoniakkproduksjon er ikkje noko nytt her til lands. Det har Yara på Herøya drive på med lenge, argumenterer ho.

16 års erfaring

Jorunn har hatt leiande jobbar i næringslivet og lang fartstid som lokalpolitikar. Ho sat i formannskapet allereie då Einar Kjerpeset var ordførar, frå 1999, og har vore i lokalpolitikken i heile 16 år. I tillegg til politikken har ho hatt mange tunge styreverv, mellom anna i Sparebanken Sogn og fjordane og i tre ulike fiskeri-konsern. Ho sit på stor lokalkunnskap, innsikt og kan trekke dei lange historiske linjene i heimkomunen.

– Tidleg på 70-talet gjekk eg på realskulen i Svelgen, i ei tid då det var opp i mot 6000 innbyggarar i kommunen. Då var det mykje folk tilsette på smelteverket og eit yrande liv i bygda. Sidan den gongen har kommunen tapt folketal tilsvarande dagens Svelgen, Kalvåg og Bremanger tilsaman. Etablering av nye arbeidsplassar er veldig viktig for å stoppe vidare nedgang i folketalet.

I dagens politiske klima med rekordmålingar av veljaroppslutning for Høgre, kan ho vere høgst aktuell som ny ordførar.

Kvalitet i høgsetet

– «Moglegheiter for alle» er eit slagord i vårt parti og det passar godt i ein liten, men langstrakt kommune som Bremanger. Eg synest ikkje noko om at partilistene i stor grad blir tekne i bruk som bygdelister. Som politikarar må vi sjå heile kommunen under eitt. Vi har jobba mykje med å lage vallister med representasjon frå alle delar av kommunen, men vi kan ikkje styre korleis folk brukar dei.

– Kva tenker du om å tilby gratis barnehage?

– Vi er opne for justering av betaling, men gratis tenester er ikkje noko vi ønskjer å prioritere no. Høgre vil prioritere det beste for barnet, fleksible tilbod og høg kvalitet, til dømes ved at vi har meir areal og fleire tilsette per barn enn andre stader, og det viser i budsjetta våre. Å tilby gratis barnehage tilsvarar dessutan drifta av heile Ålfoten oppvekstsenter og ein million på toppen av det. Vi må hugse at det kjem til å bli press på den desentraliserte strukturen i alle tenestene våre framover, påpeikar ho, og viser mellom anna til eit stort etterslep på vedlikehald etter mange år med stram økonomi.

VETERAN: Jorunn Frøyen (H) kjenner lokalpolitikken ut og inn. Her i samtalar med tidlegare varaordførar Nina Grotle (Ap). I bakgrunnen Venstre sin ordførarkandidat, Svein Olav Senneset (V). Foto: Arve Olav Solbakken / Firdaposten

Redusere eigedomsskatten

Difor tek Bremanger Høgre heller ikkje til orde for å fjerne heile eigedomskatten på hytter og hus no, men tek i første omgang sikte på å redusere den frå fire til to promille. Målet er likevel at den skal bort i løpet av denne perioden.

Frøyen understrekar at Høgre vil være med på å diskutere rekrutteringstiltak, til dømes i helsevesenet, slik KrF har teke til orde for. Men lokalpartiet har ikkje konkludert med korleis ein «rekrutteringspakke» kan settast saman. Her må vi sjå til både forskning og andre kommunar og gjerne kopiere tiltak som gjev resultat. Det vere seg betre bustader, utdanningstilbod, meir fleksible arbeidtidsordningar eller høgare løn.

Meir aktiv bustadpolitikk

Jorunn var i si tid prosjektleiar for bustadprosjektet Amtskaia i Kalvåg. Då kjøpte kommunen leilegheiter der, tenkt til eige bruk, men óg fordi dei såg eit behov, og kunne bidra til at prosjektet kom igang, sidan det alltid er vanskelegare å selje leiligheter før dei er bygde. Leilegheitene blei etter kvart kjøpt av private.

– Eg trur vi igjen må tenke slik i bustadpolitikken. Her er mangel på leiligheiter, og kommunen kan, saman med private utbyggjarar, få realisert prosjekt etter same modell. Å kunne tilby ein sjukepleiar ein moderne stad å bu, kan óg være eit godt rekrutteringstiltak.

Sjølv er ho levande oppteken av å ta vare på arkitekturen og solide gamle hus. I 1991 var ho med og arrangerte forløparen til det som i dag er kystkulturfestivalen i Kalvåg. Eit stort overskot derifrå gjorde det mogleg å hyre inn arkitekt Kolbjørn Nesje Nybø til å lage «Estetisk plan for Kalvåg» (1998). Kolbjørn tok utgangspunkt i den gamle reguleringsplanen frå 1926.

Bevare byggeskikken

– Då vart vi verkeleg bevisste på, både kor framsynt den gamle reguleringa var og verdien av arkitektur og byggeskikken rundt oss. Arbeidet med å ta vare på både sjøhusmiljø og bustadhus i Kalvåg var allereie i gang, men no hadde vi ein estetisk plan som vart viktig i det vidare arbeidet med den nye reguleringsplanen. Eg bur sjølv i eit hus som er 100 år gammalt i år. Det er eit både solid og godt hus å bu i.

– Bør kommunen ta over Lisetbua frå Musea i Sogn og Fjordane?

– Eg har sagt, kanskje litt uærbødig, at Lisetbua kan vere for reiselivet på kysten som stavkyrkjene for reiselivet i innlandet, dersom vi bruker den rett. Museumsdirektør Jan Heggheim har snakka til heile kommunestyret om at dei ønsker å avhende den, etter at muren og fundamentet no er retta opp. Kva rolle kommunen skal ta i høve både Lisetbua og andre verdfulle kulturminne er endå ikkje bestemt, men kjem som sak med det første.

Ønsker private inn

– Kva tenker du om å bygge nytt stort symjebasseng i Svelgen?

– Eit nytt stort symjebasseng er både ei stor investering og kan verte dyrt å drive. Likevel; det er betre at vi har eit moderne basseng i kommunen som er ope, enn mange som er stengde store delar av året. Vi i Høgre ønskjer alle private/offentlege samarbeid om basseng velkommen, både i Svelgen og andre stader, dersom dei kan drivast rimelegare, med tilgang på spillvarme, som tilfelle er i Svelgen.

Høgre-veteranen har store forventningar til effekten av via ferrata-løypa i Hornelen for reiselivet.

– Det kan bli eit skikkeleg fyrtårn i marknaden. Inngrepa med ein via ferrata er små og akseptable, samanlikna med det avtrykket ei gondolbane til dømes ville skape. Denne satsinga har det vore brei tverrpolitisk semje om i kommunestyret. Eg trur Hornelen-tilbodet kan skape store positive ringverknader. Det nyttar ikkje åleine at reiselivsnæringa bygger hotell og overnattingskapasitet, viss ikkje dei besøkande får tilbod om spanande opplevingar. Nettopp det har vi i heile kommunen. I samband med besøk av cruisebåtar i Kalvåg har vi til dømes sett at turistane set veldig stor pris på besøk på hjortegarden i Ålfoten.

Usikker på Høgre-vinden

– Trur du at den sterke medvinden på meiningsmålingane kan gje deg eit ekstra løft i lokalvalet?

– Det er vanskeleg å spå. Det er andre saker som tel meir kring om i bygdene. Folk er redde for å miste skular, barnehagar og andre tilbod i lokalmiljøet. Høgre sitt slagord; «Moglegheiter for alle”, passar godt. Vi må være rause med kvarandre og prøve å dra lasset i lag. Når det gjeld smitteeffekt av dei nasjonale målingane, vil eg være ein moderat optimist.