Vi la ut lesarspørsmålet onsdag ettermiddag og avstemminga vart avsluttar torsdag klokka 12.00.

Lesarane fekk fem alternativ, og slik fordeler stemmene seg:

55 prosent, 110 personar, har kryssa av for at dei ønsker å halde oppe drifta ved Bryggja omsorgssenter, ved å bruke 14,1 millionar på å gjere senteret til eit 20-minuttsobjekt, inngå avtale med Vanylven brann og redning og gjere nødvendig vedlikehald på omsorgssenteret.

21 prosent, 43 personar, har kryssa av for at drifta ved Bryggja omsorgssenter bør avviklast, og at ein flyttar tilsette og bebuarar andre stadar.

14 prosent, 29 personar, har kryssa for å halde opp drifta ved Bryggja omsorgssenter, bygge ny brannstasjon estimert til 36,2 millionar på Bryggja, og gjere nødvendig vedlikehald på omsorgssenteret.

Foto: Skjermdump frå resultatet

Fem prosent, ti personar, har kryssa for anna løysing og fire prosent, åtte personar, har kryssa på alternativet «veit ikkje».

Saka om Bryggja omsorgssenter si framtid skal avgjerast på kommunestyremøtet i Stad fredag.