NRK Vestland har spurt nabokommunar i nord og sør om korleis dei jobbar når dei skal finne ro til å saldere kommunebudsjettet.

I Bremanger, Vanylven, Stryn, Gloppen, Volda, Sande eller Ørsta er det ikkje tradisjon for å legge seg inn på hotell for å diskutere budsjettet, fortel kommunedirektørane til NRK – sjølv om nokre har reist på hotell i andre samanhengar.

Men éin av naboane har erfaring med hotellopphald. I Kinn tok kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen med seg fire andre i kommuneleiinga til Knutholmen i Bremanger, og betalte 18.700 kroner for det, ifølge NRK.

– Eg vil forsvare denne tradisjonen med å kunne ta pausar i kvardagen for å kunne jobbe konstruktivt i fellesskap. Og eg opplever at vi hadde eit nøkternt opplegg, seier Bang-Olsen til NRK, og understrekar at det ikkje er ofte dei gjer det.

Til NRK svarar kommunedirektør i Stad Åslaug Krogsæter at ho reknar med at kollegaane hennar har forståing for at det er krevjande arbeid å bli einige om vanskelege budsjettval når kommunen mangler 76 millionar til drifta.