– Det er ikkje så lett for oss som sel fyrverkeri å hindre at det kjem i mindreårige sin besittelse, seier Odd Helge Flølo ved G-Sport Måløy.

Han understrekar at butikken ikkje sel rakettar til personar under 18 år, men at det er lite dei kan gjere når vaksne kjøper for dei.

– Det er jo ikkje alltid at den fyrverkeriet er meint for er med på butikken, og vi kan ikkje nekte dei over 18 år å kjøpe, seier Flølo.

I tysdagens utgåve av Fjordenes Tidende går Vågsøy-brannsjef Kim Hjelle ut og minnar om reglane ved bruk av fyrverkeri. Han poengterer at det er ulovleg å la mindreårige bruke fyrverkeri.

Flølo fortel at han merka litt til denne typen langing i fjor, men at han alt i alt ikkje synest det verkar å vere eit veldig stort problem.

– Eg håpar foreldre og andre er fornuftige, tek ansvar og lar vere å kjøpe til andre.

Nytt av året er eit EU-direktiv som opnar for bruk av små fyrverkeri heile året.

– Denne typen fyrverkeri er berre 12 års aldersgrense på, og forhåpentlegvis vil også dette gjere at mindreårige held seg vekke frå større rakettar, seier Flølo og legg til:

– Dette er ikkje fyrverkeri som vert skote opp i lufta, men småtteri som knitrar rundt på bakken. Ein må sjølvsagt vere forsiktig i håndteringa av dette også, og passe seg for brannskader, men dei store augeskadene unngår ein.

Dette bør du gjere:

  1. Planlegg fyrverkerioppskytinga godt.

  2. Les bruksrettleiinga nøye før bruk.

  3. Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skada.

  4. Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velte.

  5. Bruk tennstav.

  6. Bruk vernebriller.

  7. Bøy deg aldri over fyrverkeri som allereie er tent på.

  8. Ikkje tenn fyrverkeriet på nytt dersom det ikkje tenner ved første forsøk.

  9. Hald god avstand frå oppskytinga.

  10. Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman.

Kilde: direktoratet for samfunssikkerhet og beredskap