Makrellstørja kan bli motiv for neste gatekunstverk
Håpet til Måløy Havfiskefestival er å få kvote på makrellstørje. I første omgang skal «Formel 1- fisken» bli kunst.
Nye planar: Tone Holvik-Eriksen fortel at alt ligg til rette for at avdukinga av Måløy sitt tredje gatekunsverk skal skje under Måløy Havfiskefestival, som går av stabelen 3.-5. august. Motivet er tenkt å vere ei makrellstørje, men prosjektleiaren vil ikkje avsløre kva vegg det nye kunstverket skal vere på. Under festivalen blir det også fleire nye tilbod på land. Fredag kveld blir det arrangert ein quiz i festivalteltet, Rorbua, der folk skal få testa lokal- og fiskekunnskapen sin. Foto: Marianne S. Rotihaug
Foto: Marianne S. Rotihaug