Namn: Kristian Lefdal
Alder: 18 år
Sivilstand: singel
Yrke: betting
Bustad: Leivdalen
– Kva er du mest oppteken av?
– Fotball sjølvsagt, og vener.
– Kva gjer du på fritida?
– For det meste er det fotball. Elles blir det alltid tid til litt Fifa og football manager.
– Kven beundrar du?
– Anette Melheim Jensen.
– Kva er det beste med heimstaden din?
– Det beste med heimstaden min er omgivnadane og kort veg til ei kunstgrasbane.
– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?
– Kristian Lefdal signerer for storklubb.
– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?
– Då ville eg satt i gang planar om å bygge ein innandørshall med kunstgras, slik at det ikkje blir så kaldt å spele fotball på Eid om vinteren.
– Kva kulturoppleving hugsar du best?
– Det må jo vere at Anna og Vilde vant MGPjr.
– Kva har du på nattbordet?
– Ei vekkerklokke og ein sparegris.
– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?
– Facebook, twitter, tv2sporten og haugenfotball.
– Kva er meininga med livet?
– Meininga med livet er å ha det gøy og oppleve spennande ting.