– Det er hard lut, men det må til for å unngå eit økonomisk havari, seier kommunestyrerepresentant Kenneth Brandal (H) i Selje.

– I Selje brukar vi 12,6 prosent av driftsbudsjettet på leiing og administrasjon. Landsnittet er 8,1 prosent. Vi brukar fire og ein halv prosent meir av driftsbudsjettet på dette enn snittet i norske kommunar. Det seier seg sjølv at dette ikkje kan halde fram. Vi bør ha som mål at vi skal bli betre enn snittet og på sikt kome under 8,1 prosent av driftsbudsjettet på løn til leiing og sentraladministrasjon, seier Kenneth Brandal.

Det var Høgre sin gruppeleiar som la fram budsjettalternativet som fekk fleirtal i kommunestyret like før jul.

I ein grundig gjennomgang er det eit svært lite lystelege framtidsbilete Brandal og fleirtalet frå Høgre, Frp, Sp og ein uavhengig representant teiknar.

Brandal viste i kommunestyret til at Selje har 2.830 innbyggjarar og at nedgongen sidan 2004 har vore på 240 personar.

Ei utvikling han dessverre reknar med vil halde fram.

– Dette gjer at aldersgruppa 67 år og eldre er overrepresentert og det fører til at ein stadig mindre del av folk som bur i Selje er i arbeidsfør alder, seier Brandal.

Han legg til at kommunale lån på 204 millionar kroner, årlege pensjonsutfordringar på 12 millionar kroner og nesten null i likvide middel gjer at ein nærmar seg eit økonomisk havari.

Les heile saka i papirutgåva onsdag 2. januar.