Statens vegvesen ønskjer å bygge ei betongbarriere for å hindre skipspåkøyrslar på den eine pilaren til Måløybrua.
Statens vegvesen meiner at den beste løysinga for å hindre ein påkøyrsel på den eine pilaren til Måløybrua er å lage betongbarrierer. – Denne løysinga er den rimelegaste, og difor har vi valt å gå for denne. Men planane er ikkje ferdig utvikla, seier Oddvin Hov i Statens vegvesen. Det er pilar 23 som står midt i Måløysundet vegvesenet fryktar skal bli påkøyrt av eit av dei mange store skipa som passerar sundet kva einaste dag. Foto: Marianne S. Rotihaug