– Syklisten vart funnen skadd i vegbana. Alle naudetatane rykker ut til staden, meldte Vest politidistrikt klokka 19.48, og ifølge politiet framstod ulykka som alvorleg.

Vegen blei raskt stengd på grunn av ulykka.

Rett før kl. 23 gjekk politiet ut med melding om at ulykka fekk tragisk utfall. Mannen i 50-åra, som er heimehøyrande i Oslo, omkom av skadene.

– Han blei erklært død på staden, og pårørande er varsla, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen.

Frå dei undersøkingane som er gjort til no, oppfattar politiet dette som ei trafikkulykke der berre mannen på ein vanleg tråsykkel var involvert. Dei ser ikkje noko som tydar på at andre køyretøy eller trafikanter var involvert i hendinga.

– Vi må likevel halde alle moglegheiter opne, slik at det vil bli oppretta ei sak som vil bli etterforska vidare av lokalt politi for om mogleg fastslå årsaka til ulykka, seier Dahl-Michelsen.