– Takk Dagfinn, for at du reiste ut i Frøyaskjera og henta papen inn til Kalvåg, slik at vi fekk han heim til Halsnøy i live, sa dotter av Odd Jarand Rygh, Eva Helen Benjaminsen.

Saman med ektemakar og sambuarar kom dei tre borna til Odd Jarand Rygh til Kalvåg for å takke Dagfinn Værøy som berga livet åt faren, og sjå han få diplom frå Redningsselskapet for mot og handlekraft.

Der fann han sandjekta Virka. Mannskapet fann ikkje opning utor brota. Han vegra seg sterkt for hoppet som heldigvis enda med at han stod på dekk, uskadd.

Mannskap og båt vart redda inn til Kalvåg og låg der til kulingen hadde spakna.

Kring nyttår 2014-15 ringde Værøy til Rygh på Halsnøy og avtala eit møte. Dei hadde verken møttest eller snakkast sidan natta i 1969.

Dette resulterte i at Odd Jarand og kona Linda kom til Kalvåg i mai 2015, lokalavisene skreiv om hendinga og Redningselskapet vart informert.

Sist laurdag vart 25 menneske, med forskjellig tilknyting til historia frå 1969, ynskt velkomne til bords på Knutholmen av ordførar i Bremanger, Audun Åge Røys.

– Slikt som dette er det kjekkaste eg gjer som ordførar, å ære folk for ein viktig innsats for andre. Eg visste ikkje om denne hendinga før eg las om den i avisene. Sjølv om eg har kjent Dagfinn i mange år, har dette aldri vore nemnt. Men så er han ein mann av få ord, sa Røys.

Etter middagen ynskte fleire å sjå Frøyaskjera, havområdet der Virka var i havsnaud i 1969.

Sjølv med dei verforhold som var denne dagen, trongs lite fantasi for å tenkje seg fåren dette havområdet representerer for ein kvar båt som kjem der i litt vind. Synet skapte alvor og respekt hos alle.