– Inkludert investeringane vi gjorde i fjor, er kostnadene om lag 85 millionar kroner eks. mva, seier fabrikksjef Per Røys.

Det nye bygget som står ved sidan av eksisterande bygningsmasse i industriområdet på spissen av Kalvøya, vert nytta til kjølelager. For nettopp lagring og transport er sentralt når Pelagia legg om produksjonen totalt. Dei skal bearbeide produkta meir i Kalvåg enn tidlegare, og lagring og transporten skal skje smartare.

– Der er betalingsvilje for dette. Tilbakemeldinga frå kundane er at dei er godt nøgd.

Nybygget med kjølelager har ein kostnad på 17 millionar kroner eks. mva. Det ligg ytst på Kalvøya i tilknyting til eksisterande bygningsmasse for Pelagia og Brødrene Larsen.

Storstilt automatisering

Det skjer no ei storstilt automatisering av fabrikken der dei har spesialisert seg på sild i Pelagia-systemet. Røys seier mykje meir av produksjonen vil skje maskinelt, men samstundes aukar dei produksjonen frå 100 til 200 sildetønner i timen, slik at mannskapsbehovet vil vere konstant.

– Aktiviteten er sesongbasert. Vi har eit gjennomsnitt på 60 tilsette. Dette legg vi opp til skal vere nokolunde konstant. Produksjonen aukar, men vi får ein effekt av automatisering.

– Nei, fordi det er så mange ulike ynske frå kundane i dei ulike marknadene. Det vi gjer no, er at vi leverer mest mogleg bearbeida produkt utifrå kva marknaden etterspør, så gjer kunden den siste jobben med smakstilsetting og ferdigpakking til butikk.

Pelagia Kalvåg driv innan det Røys omtalar som ein liten nisje i pelagisk sektor med kryddring, salting og marinering av sild. Hovudmarknaden er Sverige, Danmark, Tyskland, Polen, Holland, Canada og USA.

Trur tønner blir utfasa

– Om fem år brukar vi ikkje tønner til frakt, trur fabrikksjef Per Røys.

I dag er tønner eit mykje brukt transportmiddel, men det trur Røys det blir slutt på.

– Det er ikkje effektivt slik det er i dag, der vi sender tønnene ut i marknaden, for så å få tomme tønner i retur. Dei blir gjerne liggjande ei stund før dei blir vaska. Reingjeringa er ein stor jobb. Vi kjem til å bruke tønner til lagring her, men sjølve transporten kjem til å skje på ein annan måte, i vakuumbagar, ulike karprodukt eller SE-kasser. Alt etter kva kunden ynskjer.

Fabrikksjef Per Røys i det enorme kjølelageret med plass til 44.000-45.000 tønner med sild i lake. Temperaturen er 3-4 minusgrader.

Med ein lagerkapasitet på 44.000-45.000 tønner i det nye bygget til 17 millionar kroner (eks. mva.), frigjer Pelagia lagringskapasitet hjå kunden.

– Dei får kostnadskutt på lagring og bearbeiding. Og meir effektive fraktløysingar vil gje gevinst for begge partar.