Eid kommune er valt ut som ein av seks kommuner i landet som skal prøve ut medisinsk avstandsoppfølging i heimen dei neste tre åra. Målet er at kronisk sjuke med stort behov for helsehjelp skal få meir av hjelpa dei treng i eigen heim, både frå kommunalt helsepersonell og fastlegar.

– Eg er svært glad for at vi får denne sjansen til å «bryte ny veg» i å utvikle gode helsetenester for alle i Noreg i framtida, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V) i ei pressemelding.

– Å nytte medisinsk avstandsoppfølging i heimen er særskilt viktig i distrikts-Noreg, der avstandane er større og mest tid går vekk i reising både for pasientar og helsepersonell. Difor er det viktig at slike pilot-forsøk ikkje berre skjer i dei største byane, men også i distriktskommuner med god kompetanse i helse og teknologi, og vilje og evne til å tenkje nytt.

Eid er nyleg også valt ut som ei av 11 kommuner som skal prøve ut såkalla primærhelseteam, eit forsterka fastlege-kontor med sjukepleiarar som arbeider i team med legar. Eid blir saman med Kristiansand og bydel Sagene i Oslo dei einaste i landet som skal prøve ut medisinsk avstandsoppfølging kombinert med primærhelseteam.

Bjørlo meiner dette gjer Eid kommune sitt prosjekt til eit heilt unikt helsefagleg nybrotts-arbeid i distrikts-Noreg.

– Eid og Nordfjord skil seg ut nasjonalt både ved at vi allereie har fått til eit uvanleg tett samarbeid mellom kommuner og helseforetak (Nordfjord Sjukehus og Nordfjord Psykiatrisenter/ Helse Førde), ved at vi har eit av landets sterkaste næringslivsmiljø innan elektro og automasjon - og med vidaregåande skular som tenkjer nytt innanfor å koble utdanningsløp innanfor helse og teknologi.

– Vi ønskjer eit nært samarbeid med Helse Førde og Nordfjord Sjukehus/Nordfjord Psykiatrisenter, slik at pasientane så langt råd er møter saumlause og effektive tenester mellom dei ulike helsenivåa. Vi vil også prøve å utvikle samarbeid med næringslivet vårt og dei vidaregåande skulane i Nordfjord, slik at ungdom som vel helseyrke tidleg lærer og forstår teknologi, og at dei som vel teknologiske studieløp forstår helsesektoren og folk sine behov som kroniske pasientar, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo.