Torsdag kveld blei konsertprogrammet i Elvisfestivalen sparka i gang med to konsertar i Sør-Vågsøy kirke.

På grunn av stor pågang blei sett opp ekstrakonsert av "An American Trilogy" torsdag kveld. Konserten har fått namnet etter Elvis sin song med same namn. Årets internasjonale og nasjonale artistar bestod av Johnny Fortuno frå Hawaii, Gordon Hendricks frå England, Zelimir frå Serbia og dei norske artistane Kristian Lysebråte og Susanne Hauge.

Elvisfestivalen satsar på lokale artistar og hadde henta inn eit stort antal lokale talent. Desse var Hans Christian Helgesen, Barbro Sævik Silden, Chris Nedreberg Silden, Ole Erik Stokke og Terje Våge. I tillegg bidrog Elvis Choir til konserten. Dette koret består av songarar frå Måløy Songlag, Viltkoret og Stormklang. Dei aller minste fekk også vise seg fram på scena i Elvis Children Choir, beståande av elevar frå Skram skole.

Timannsorkesteret Sideshow Bob bidrog også i konserten.

Les meir om Elvisfestivalen i Fjordenes Tidende tysdag 16. juli.