– Eldre har vore i kontakt med oss og sagt at det er problem, spesielt på legekontoret i Svelgen. Ettersom det er ei aktuell problemstilling vil vi ta opp dette på eldrerådet sitt neste møte i starten av mars, fortel eldrerådsleiar Åshild Tysse Leirgulen om utfordringa med å bestille dobbeltime.

Vanskar med dobbeltime hos lege vart også tema då alle eldreråda i Nordfjord møttest for ei veke sidan. Eldre er også frustrerte over at ein ikkje kan ta opp fleire saker når dei er hos lege.

– I tillegg er det forferdeleg lang ventetid. Eg har sjølv valt å ha fastlege på Eid, og eg føler det er lettare å kome til der. I Bremanger må du vente fem-seks veker før du får kome deg til lege, fortel Leirgulen.

Saka var også oppe våren 2013.

Den gong var reaksjonane store.

Allmennlegeforeningen uttalte den gong at dei håpte praksisen ville ta slutt straks. Også Pasientombodet i Sogn og Fjordane var mellom dei som kritiserte ordningane kommunelegane i Bremanger hadde innført.

Over tre år etter er det framleis eldre i Bremanger som oppfattar at det er eit problem.

– Det er uhaldbart å ikkje få dobbeltime. Vi er ein kommune med lange avstandar, og når eldre folk må reise lang veg for å kome seg til lege, gjer det situasjonen vanskelegare om ein ikkje kan ta opp fleire saker samtidig, seier Leirgulen.

Fylkeslegen påpeikte i 2012 at det ikkje alltid er mogleg å løyse alle medisinske problem innanfor ramma av ein vanleg allmennmedisinsk konsultasjon.

Han meinte også at fastlegen i samarbeid med pasienten må gjere ei prioritering på kva dei rekk over i den aktuelle konsultasjonen. Det vart også vist til at praksisen ved Svelgen legekontor ikkje var fagleg uforsvarleg.

– Eg kjenner ikkje til at dette er eit problem no, men vi vil sjå på det om eldrerådet kjem med noko om det, seier Randi Ytrehus, kommunalsjef for helse og omsorg i Bremanger.

– I Eid må ein gi beskjed allereie ved bestilling av time om ein har fleire saker ein treng å ta opp med lege. Det har med kapasitet å gjere. Kanskje dette er ei sak alle eldreråda i Nordfjord kan fronte i lag, seier Anne-Mari Aalberg, leiar i Eid eldreråd.