Namn:Mette Hovden Flataker
Alder:37 år
Sivilstatus:gift med Kenneth Flataker
Bustad:Almenningen
Yrke:autorisert ambulansearbeidar

– Kva er du mest oppteken av?

– Å vere ei god mor, og gi borna mine ein trygg og god oppvekst, god oppdragelse, og gjere dei glade i å vere fysisk aktive. Eg er viktig for borna og dei for meg, og eg synest dei verdiane er gode grunnsteinar i å sjå dei i framtida som flotte, sjølvstendige og glade menneske. Eg er også engasjert i Skavøypoll IL, fotballgruppa, som nestleiar og materialforvaltar. Og er oppteken av at fysisk aktivitet er viktig for god psykisk og fysisk helse.

– Kva gjer du på fritida?

– Mykje tid går med til utruleg kjedelige ting som å holde hus og heim i orden, følgje ungane på trening, og så er eg veldig glad i å trene sjølv. Skulle gjort det meir, for eg er glad i mat og.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar eigenskapar ved folk. Dei som er ærlige, slost for det dei trur på, tør å gå eigne vegar, og å ta utfordringar på strak arm utan å sjå på dei som problem. Så er eg takknemlig for at mannen min held ut med meg etter så lang tid. Eg er ekstremt streta, litt for sjølvstendig, og nokre gongar ganske så direkte og ærleg.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Eg vaks opp i Lefdal der datalagringa skal vere, der var det fritt og tett på naturen.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– Vågsøy kommune - Norges beste på oppvekst og helse.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Lagt beina på bordet, teke meg eit krus kaffi og tenkt: Eg er på feil plass.

– Kva kulturoppleving huskar du best?

– Chelsea - Arsenal på Stamford Bridge då Chelsea vann med 6 mål.

– Kva har du på nattbordet?

– Lampe, støv og mobiltelefon.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Facebook, VG, Fjt og Instagram.

– Kva er meininga med livet?

– Å leve det, og sette pris på det.

Les også tidlegare Dagens ansikt: