– Eg har jobba 2,5 år som lærling i Sætren og begynte å jobbe som montør for eit halvt år sidan. Det har vore både fint og lærerikt, seier Guro Lesto Larsen frå Selje. og legg til:

– Ein lærer utruleg mykje av å vere lærling, av å vere ute og jobbe i staden for å sitte på skulebenken og prøve å lære det same der.

– Ein lærer utruleg mykje av å vere lærling, seier Guro Lesto Larsen, øvst i gardintrappa. Foto: Kjellrun Åsebø

– Føler meg skikkeleg heime

Lesto Larsen synest det kjekkaste er å arbeide på prosjekt der fleire jobbar saman og ein har teikningar ein følger.

– Det liker eg veldig godt. Slik vi gjer no saman med UNU, smiler ho.

Fjordenes Tidende møter jentene i andre etasje på Måløy Brygge der dei er i full gang med å lage til nye kontor til Coast saman med hovudentreprenør UNU.

Sofie Hjelle Hatlelid frå Stadlandet har gått to år på elektro på Eid vidaregåande skule og begynte som lærling hos Sætren i slutten av august.

– Eg har vore lærling i litt over ein månad og det har vore kjempekjekt. Eg føler meg skikkeleg heime. Det har ganske mykje å seie at det er andre jenter her også. Då er vi fleire i eit framleis mannsdominert yrke, og kanskje vi kan vere med å snu det til at endå fleire kvinner blir elektrikarar, seier ho.

– Eg har vore lærling hos Sætren i litt over ein månad og det har vore kjempekjekt å vere her, seier Sofie Hjelle Hatlelid. Foto: Kjellrun Åsebø

Katrine Lunde frå Selje har jobba som montør i eit halvt år etter å ha vore lærling i 2,5 år.

– Eg liker også godt å jobbe på prosjekt. Det er kjekt å finne ut kva som er gale på eit anlegg etter å ha leita lenge, men eg trivst best med å legge opp nye anlegg og sjå korleis det ser ut etterpå, seier ho.

Katrine Lunde legg opp kablar. Foto: Kjellrun Åsebø

Eit heilt anna løp

Malin Bø har flytta frå Bømlo til Bryggja på grunn av kjærleiken.

– Og det er faktisk ikkje sikkert at eg hadde vore elektrikerlærling i det heile tatt om eg ikkje hadde flytta hit.

Bø har nemleg gått studieførebuande, men bestemte seg for å starte på eit fireårig løp der ho tar opplæring i bedrift.

– Dette er derfor noko heilt nytt for meg. Eg har lært mykje om mange forskjellige ting. Og eg har blitt tatt veldig godt imot, seier ho.

For Malin Bø er arbeidet ho no gjer noko heilt nytt. Ho skal ha opplæring i bedrift i fire år. Foto: Kjellrun Åsebø

Dei fleste tilbakemeldingane jentene har fått på val av yrkesveg er at det er kult. Det er berre Hjelle Hatlelid som har treft på nokre lærarar på sin veg som meinte at det ikkje var det luraste valet for ei jente.

– Frå familie har eg berre fått positive tilbakemeldingar, men frå lærarar på ungdomsskulen og vidaregåande har eg fått høyre at eg burde ha valt noko anna sidan eg er jente. Eg har berre svart at det er di meining, og at det er dette eg har lyst til, smiler ho.

– Mykje tull og tøys

Guro, Sofie, Malin og Katrine har trua på at dei kjem til å vere i yrket lenge og dei er veldig fornøgde med arbeidsmiljøet dei er blitt ein del av.

– Eg har det veldig fint. Det er mykje meir tull og tøys enn det eg er vand med frå mine erfaringar ifrå for eksempel jobbar innan helse. Og det er også veldig mange hyggelege samtaler i pausene, seier Bø.

Alle fire anbefaler også andre jenter og kvinner å teste ut yrket. Dei meiner det er lurt å ha eigenskapar som å vere fantasifulle, ha gode idear og ein bør også vere i bra form sidan det er fysisk krevjande. Men det aller viktigaste er at ein trivst i jobben.

Dei er alle også medlemmar av nettverket «Jenter i elektro» som Opplæringskontoret for elektrofag i Sogn og Fjordane står bak. Dagrunn Almenning Kvalheim, administrasjonsleiar hos Sætren, seier også at Sætren jobbar for å skape eit jentemiljø i bedrifta.

Det var ingenting å seie på humøret då Fjordenes Tidende stakk innom for å snakke om jobben deira. Foto: Kjellrun Åsebø
Sofie og Malin i jobb i andre etasje i Måløy brygge. Foto: Kjellrun Åsebø

Rekruttering til yrket

– Vi har veldig fokus på å skape eit jentemiljø slik at dei er fleire og tryggare på ein måte. Det er eit godt arbeidsmiljø i Sætren og det er lett å bli ein del av gjengen, seier ho og legg til:

– Vi er også opptatt av å satse på lærlingar. Det er altfor få elektrikarar i området vårt og eigentleg i heile landet, så lærlingar er rekrutteringa vår. Og då må vi tenke både jenter og gutar. Yrket er for absolutt alle.

Til saman er dei 37 tilsette i Sætren og seks av dei er kvinner: to montørar, to lærlingar, Dagrunn Almenning Kvalheim som er administrasjonsleiar og Elin Hagen Grytting som er kontor og salsmedarbeidar.

– Vi er 16 prosent kvinner i bedrifta. Vi har ei målsetting om å bli 20, smiler Almenning Kvalheim.

– Vi er opptatt av å satse på lærlingar, seier administrasjonsleiar Dagrun Almenning Kvalheim. Foto: Kjellrun Åsebø