Det har vore tradisjon i Florø for at alle parti samlar seg til felles valvake på kvelden, når stemmelokala stengjer dørene på valdagen 11. september. Tradisjonen har halde seg også etter at Kinn kommune kom til verda. Det betyr at samtlege parti vil vere til stades mann- og kvinnesterke på Comfort Victoria Hotel – klare for å få veljarane sin dom etter ein lang og tøff lokalvalkamp.

Firdapostens Arne Hjorth Johansen står som produsent for sendinga, der fleire journalistar både frå Fjordenes Tidende og Firdaposten skal samarbeide og lage innhald i løpet av tre hektiske sendetimar. Også begge redaktørane kjem til å vere til stades og bidra med innhald.

Frøyen og Åsebø skal leie

– Kva har du å by lesarane på gjennom ein slik kveld, Hjorth Johansen?

– Her blir det mykje å velje i, inkludert for bremangarane. Vi startar sendinga vår kvart på ni, og allereie klokka ni kan vi presentere resultatet av førehandsrøystingane både i Kinn og i Bremanger. Deretter går det slag i slag, med diverse intervju, videoinnslag og mykje anna, seier Johansen, som i år har engasjert to lokale bedrifter, Kinn Lyd og Vidsyn Media, for å levere den tekniske delen av sendinga.

– Ved å leige inn folk til dette, får vi frigjort ressursar til å lage meir journalistisk innhald til sjåarane, seier han.

Årets programleiarar er også peika ut. Til å halde styr på intervjuobjekta stiller Firdapostens Dag Frøyen, og frå Fjordenes Tidende deltek journalist Kjellrun Åsebø. I tillegg kjem avisene til å ha journalist til stades på bremangerpolitikarane si valvake, og rapportere fortløpande derfrå.

Mange kjem

Det er gruppeleiar Arlene Vågene i Høgre som tok initiativ til årets felles valvake, ved å kontakte alle dei andre gruppeleiarane i kommunestyret.

– Samtlege parti stiller med folk på valvaka og interessa er god. Allereie måndag hadde 55 personar meldt seg på, og det blir truleg ein god del fleire, seier ho.