Måndag presenterte forhandlingsutvalet ei intensjonsavtale for samanslåing av  Gloppen kommune og Eid kommune.

– Sidan midten av desember og fram til no har Gloppen og Eid forhandla om eit alternativ aleine. Vi er einige om mål og visjonar for kommunen, plassering av tenester og kommunesenter, fortel ordførar i Eid kommune, Alfred Bjørlo.

I intensjonsavtala, som vart lagt fram på eit møte for dei to kommunestyra på Heradshuset på Sandane måndag, blir det Sandane presentert som det nye kommunesenteret og at namnet på kommunen blir Nordfjord. Samanslåinga skal tre i kraft 1. januar 2020.

– Fordeling av funksjonar og kommunesenter er det knytt mange kjensler til, så det har sjølvsagt vore omfattande diskusjonar, fortel Bjørlo.

– Frå politisk hald har vi vore opptekne av at vi er to jamstore kommunar og at det er umogleg å lande ein slik prosess om ein kårar ein vinnar og ein tapar, ved at all leiing blir liggande på den eine staden. Fordelinga kunne vore omvendt, men Gloppen har vore veldig opptekne av den formelle statusen som kommunesenter, seier Bjørlo, og legg til:

– Nordfjordeid er eit geografisk naturleg val i regionen Nordfjord, men det er tryggleik for Gloppen i at vi deler.

I starten var forhandlingsutvalet opptekne av å samle all leiing på ein stad, men såg raskt at dette ikkje var mogleg.

– Så lenge vi har fått tyngde på viktige område for oss, som helse og oppvekst, er vi godt nøgde. Gloppen ville sjølvsagt også ha oppvekst, så der har dei gjeve frå seg noko. Eg tykkjer vi har vore rause i forhandlingane, seier rådmann i Eid, Åslaug Krogsæther.

Namnediskusjonen har også vore omfattande.

– Vi vurderte å bruke begge namna, Eid og Gloppen kommune, men det understrekar at det er eit skilje, medan Nordfjord kommune inviterer til samarbeid utover dei nye kommunegrensene, seier Bjørlo.

Eid og Gloppen blir omtalt som svært like kommunar. Ordførar Alfred Bjørlo, meiner dette har vore både ein fordel og ei ulempe i forhandlingane.

– Det er ein fordel at ein er jamne, slik at den minste ikkje kjenner at den må gje frå seg alt til den store, men samstundes hadde det vore greitt å byggje opp og samle alt på ein stad, seier Bjørlo.

Både Eid og Gloppen har relativt nye vidaregåande skular, legevakt og store kulturarenaer i form av Trivselshagen på Sandane og Operahuset på Nordfjordeid og alt dette skal ifølgje avtale bli verande.

– Vi jobbar likt og forstår kvarandre godt, så det er ingen trugslar om at verda blir veldig annleis over natta, seier rådmann Åslaug Krogsæter.

Etter presentasjonen måndag vil ein jobbe med å informere fram mot ei rådgjevande folkerøysting.

– Vi har ikkje fatta ei avgjerd om folkerøysting, men mest sannsynleg vil denne gå føre seg i mai i begge kommunane, fortel Bjørlo, som presiserer at folk må vere klar over alternativet.

– Det er ikkje slik at vi kan halde fram som vanleg om vi ikkje vel å slå oss saman. Då blir det mindre pengar frå staten, og kommunen må kanskje kutte i tenestetilbodet om vi blir ståande aleine, seier han.

I intensjonsavtala mellom Eid og Gloppen står det at: «Den nye kommunen vil arbeide for så rask realisering av bru Anda-Lote som råd er. Framtidig realisering av brua er ein premiss for etablering av den nye kommunen».

Alfred Bjørlo forventar derimot ikkje ei bru-avklaring før kommunestyret tek stilling til sammenslåing innan 1. juli.

– Det er ikkje slik at vi forventar å få ein garanti før sommaren på at brua kjem, men det er uheldig på sikt å ha ein kommune som ikkje er landfast. Anten kunne vi venta på brua før vi slo oss saman, eller så kan vi slå oss saman og bruke vår samla slagkraft for å den realisert. Det er ein premiss at vi trur 100 prosent på å få det til og at dette skal vere fyrsteprioritet for Nordfjord kommune, fortel Bjørlo, og legg til:

– Allereie frå 2018 får vi 20-minutts avgangar, og då får vi betre kommunikasjon før vi slår oss saman.