Fylkesutvalet vedtok onsdag ei fråsegn om at Sogn og Fjordane politidistrikt skal haldast oppe som eige sjølvstendig politidistrikt.

Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre røysta for fråsegna, medan Framstegspartiet og Høgre røysta for alternative formuleringar.

Slik lyder fråsegnet frå fylkesutvalet:

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane krev at Sogn og Fjordane politidistriktet vert oppretthalde som eige sjølvstendig politidistrikt. Eit eige politidistrikt er ei viktig plattform i dei statlege prosessane som er i gang på ei rekke område. Utan eit eige politidistrikt vil  det tverrsektorielle samarbeidet om beredskapsarbeidet bli sterkt svekka, og gjere at fylket vårt blir dårlegare rigga for å møte uønska hendingar enten det er store ulukker eller naturkatastrofar.

Det er uakseptabelt at operasjonssentralen som og er samlokalisert med brann- og redning sin naudmeldesentral blir flytta frå fylket.

På same måte er det uakseptabelt om den nye AMK-sentralen i Førde, som vart rusta opp for nær 200 millionar kroner og teken i bruk hausten 2014, vert flytta ut av fylket.

Avtalen mellom regjeringspartia (Frp/H) og Venstre legg opp til at det i framtida skal vere 12 politidistrikt i Norge. Etter avtale skal Sogn og Fjordane politidistrikt slåast saman med deler av Hordaland til eit nytt politidistrikt Vest.

Sogn og Fjordane fylkeskommune fryktar at innbyggjarane i fylket vårt vil få eit dårlegare tilbod dersom politidistriktet vårt vert slege saman med deler av Hordaland. Avtalen mellom partia seier i pkt. 9 m a «det er et krav at kvaliteten på politiets straffesaksarbeid forbedres. Andelen straffesaker som oppklares skal økes. Saksbehandlingstida skal reduseres». Sogn og Fjordane fylkeskommune minner om at det er vel dokumentert at Sogn og Fjordane politidistrikt ligg i landstoppen når det gjeld oppklaringsprosent. I tillegg har politidistriktet mellom dei kortaste sakshandsamingstidene.

Sogn og Fjordane politidistrikt har om lag 5,7 administrative årsverk pr. 100 tilsette. Berre eitt av dagens politidistrikt har under 5. Til samanlikning har Hordaland 9 og Oslo 9,5. Vi viser vidare til Gjørv- rapporten som seier at kultur, leiing og haldningar er viktige for å lukkast med godt politiarbeid.

Fylkesutvalet viser vidare til punkt 1.2 i avtalen mellom regjeringspartia og Venstre. Her slår avtalen fast at «samtidig er det viktig å forstå at robust politiinnsats også må ses i samanheng med ulike lokale, geografiske, sosiale og internasjonale forhold som kan påverke distriktsinndelingen». Sogn og Fjordane er, på same måte som Møre og Romsdal, eit geografisk særs krevjande fylke. Sogn og Fjordane har ein endå meir spreidd busetnad, stor turisttrafikk i tronge fjordar og mange område med stor rasfare.

Fylket er særleg sterkt utsatt for alvorlege hendingar når det gjeld naturfare. Dette set store krav til god lokalkunnskap, godt samarbeid mellom naudetatar og eit vel fungerande fylkesberedskapsråd. Dette er nokre av dei områda der nettopp vårt politidistriktet har opparbeidd særleg god erfaring og høg kompetanse. Av desse grunnar er det heilt uakseptabelt at operasjonssentralen i Florø vert flytta vekk frå fylket. Denne sentralen er, utanom Drammen, den einaste operasjonssentral som er samlokalisert med brann- og redningsetaten sin naudmeldesentral. I tillegg er den alt dimensjonert for nytt naudnett.

På same måte er det uakseptabelt om den nye AMK-sentralen, som vart rusta opp for nær 200 millionar kroner og teken i bruk hausten 2014, vert flytta ut av fylket, jamfør uttale frå Helse Vest.

Det vert hevda at politireforma skal vere ei nærpoliti-reform og at eit nært politi er ryggrada i etaten sine tenester til publikum. Det meiner vi må vere ei grunnleggande og riktig rettesnor. Ein føresetnad for å lukkast med å nå denne målsettinga er at vi har eit politi der folk bur, også i det spreidd bygde Sogn og Fjordane. I punkt 3.2 i avtalen står det følgjande: « For dei minste politidistrikta kan det måtte etableres ordninger hvor enten særorganene eller de største politidistriktene bistår med enkelte oppgaver».

Ilag med pkt 1.2 (som tidlegare omtalt) i avtalen meiner fylkeskommunen at dette legg til rette for at eit eige Sogn og Fjordane politidistrikt også i framtida best kan tene innbyggarane i fylket på ein god måte. Vi må ikkje gløyme at det er kvardagshendingane, med taktisk og operativt etterforskingsarbeid, førebyggjande arbeid og publikumsretta aktivitet som er den daglege utfordringa. Når dei store hendingane inntreff må ein spele på samla ressursar uavhengig av storleik på kvart enkelt politidistrikt.