Bremangerpolitikarane kuttar ikkje i drifta i 2016, men står overfor tøffe val innan oppvekst, helse og omsorg i 2017.

Politikarane i Bremanger håpar no at Fylkesmannen skal godkjenne budsjettet for 2016 og handlingsplanen for 2016–2019 etter at kommunestyret tysdag vedtok justeringar i tråd med Fylkesmannen sine ønske. Fylkesmannen var ikkje nøgd med inndekkingstakten på Terra-underskotet, og kravde at dei følgde boka og dekte inn meir dei komande tre åra.

Dette kombinert med at Bremanger må betale saksomkostnader på over 13 millionar kroner totalt, både for Danske Bank og seg sjølv, etter tapet i Høgsterett, gjer situasjonen ekstrem for kraftkommunen.

– Det er ikkje realistisk for oss å oppnå budsjettert inndekking i 2016, seier rådmann Tom Joensen.

Kommunen skulle dekt inn 21 millionar på Terra-underskotet, men klarer berre 15 i 2016. Ved hjelp av grep i høve rammetilskota, kompensasjon for meirverdiavgift, renter og avdrag, samt derivatavtalane kjem dei seg unna kutt i drifta.

– Om vi skulle redusert i år, måtte vi ha hivd folk over bord. Det gjer vi ikkje, seier Joensen.

Men for neste år og dei etterfølgande tre åra, må ein ta tak i sektorane. Cirka 10 millionar skal sparast inn årleg.

Rådmannen skisserer derfor i sin handlingsplan årlege kutt i drifta.

Rådmannen si tentative kuttliste ser slik ut for 2017:

Sentraladministrasjon (-2 mill.), NAV (-0,5 mill.), kultur (-0,8 mill.), kyrkje (-0,73 mill.), teknisk drift (-1 mill.), teknisk plan og forvaltning (-1,1 mill.), helse/omsorg (-3,6 mill.) og oppvekst (-2,9 mill.).

– Eg har gjort meg nokre tankar rundt dette, samtidig som eg veit at dette ikkje blir det endelege resultatet. Administrasjonen skal formulere konsekvensane av slike grep, men det er politikarane som må gjere dei vanskelege prioriteringane, seier Joensen.

Alle driftssjefane har no fått i oppgåve å gå gjennom forslaga og sjå på moglege strategiar.

– Så får vi sjå kva dei greier å kome fram til. Om vi til sjuande og sist må kutte tilbod, er det politikarane som må velje.

– Kva må til for å spare 3 millionar innan oppvekst?

– Då må ein kanskje legge ned ein skule. Det må takast nokre vanskelege val. Men vi er ikkje heilt der enno.