Onsdag viser meldingane stort sett stiv kuling på 15 meter i sekundet frå sør. Men vindkasta kan komme opp i 22 meter i sekundet i løpet av dagen. I periodar kan det blåse liten storm med 23 meter i sekundet.

Natt til torsdag vil ein oppleve dei sterkaste vindkasta. Ved Kråkenes fyr og i Kalvåg melder meteorologen om vindkast på opp til 27 meter i sekundet. Ved Stad kan det blåse opp i full storm med vindkast på opp til 28 meter i sekundet. Dette kan føre til høge bølger ute ved kysten og Meteorologisk institutt anbefaler at ein ikkje legg ut på havet i småbåt.

Vinden løyer noko torsdag morgon frå stiv kuling og storm til liten kuling med vindkast på 19–22 meter i sekundet.

Fjordenes Tidende har også webkamera som sender direkte frå vindmålaren på Måløybrua, Måløy, Nordfjordeid og hjortefarmen på Nave. Sjekk dei ut her.