Dei sende likevel høyringsforslaget vidare, men saka skal også innom fylkesutvalet 4. april før den kjem ut på høyring.

Frp, støtta av INP og Raudt, la inn framlegg om at høyringsforslaget burde bli sendt tilbake til administrasjonen for ytterlegare utgreiing. Dei meinte også at det burde gjerast ei vurdering av skulane sine tilbod opp mot lokalt og regionalt næringsliv sine kompetansebehov, korleis endringar vil påverke næringslivet si rekruttering, og ei fagleg vurdering av korleis nedlegging av YSK-utdanningsprogram vil påverke fullføring av vidaregåande opplæring og rekruttering til studiet. Forslaget blei nedstemt med grunngiving at det ville forsinke prosessen og at ein uansett ville få tid til å vurdere ulike sider og få svar på spørsmål i høyringsrunden.

– Svarer ikkje ut bestillinga

Stig Atle Abrahamsen (Frp) tok opp at rapporten ikkje svarer ut bestillinga på fleire punkt blant anna mangel på fleire alternativ og eit alternativ utan skulenedleggingar.

– Vi kan konstatere at dette ikkje er gjort. Det er sterkt beklageleg. Det er så store ting som ikkje er levert på av det vi eigentleg bad om.

Han etterlyste også konsekvensutgreiingar og faglege vurderingar knytt til dei føreslåtte endringane som er svært store for enkelte skular. Han påpeikte at eit av kriteria, at tilbodsstrukturen skulle tilpassa næringslivet sine behov, var altfor dårleg vurdert og at forslaga i mange tilfelle gjorde det motsette.

Dei aller fleste som uttalte seg var einige i at kvaliteten på underlaget burde ha vore betre.

– Men i staden for å gå inn og gjere mange ting med forslaget som ligg der frå administrasjonen si side, får vi politikarar jobba vidare med kva som blir det endelege vedtaket. Og det kan bli ein del annleis, sa Åsta Årøen (V).

Øvst f.v.: Morten Helland (KrF), Jeanette Syversen (R), Karianne Torvanger (Ap) og Stig Atle Abrahamsen (Frp). Nedst f.v.: Bjarte Helland (INP), Åsta Årøen (V), Elias Eide (H) og Alexander Fosse Andersen (SP). Foto: Skjermdumpar frå stream frå saksbehandlinga.

Saknar vurderingar av økonomiske innsparingar

– Det er mange ting som står i forslaget som vi er ueinige i og det er framleis mange ubesvarte spørsmål, men vi reknar med at vi skal få svar på alle desse fram til oktober, sa Elias Eide (H) og løfta spørsmålet om elevane sine val og næringslivet sitt behov også burde ha vore med i vurderinga.

Det var jo også eit av dei viktigaste kriteria i mandatet til administrasjonen.

Han meinte også at underlaget manglar kostnadar knytt til bygg, og ein har heller ikkje tatt med kva dei økonomiske innsparingane vil vere for dei ulike alternativa.

Jeanette Syversen (R) meinte underlaget ikkje svarte på mandatet trass i at bestillinga frå politikarane ifølge henne har vore svært tydeleg og tverrpolitisk:

– Den saka vi har her no legg økonomi som omtrent einaste botnlinje til grunn. Vi ønskte ein sak som varetar distriktsskulane og eit breitt tilbod der, men tvert imot har ein no ein situasjon der både Høyanger og Fitjar kan oppleve å bli lagt ned utan konsekvensutgreiing, sa ho, og ønskte at utvalet tok seg tid til å få eit godt høyringsutkast.

Karianne Torvanger (Ap) peikte på at ein over tid har hatt ein betydeleg overkapasitet og utdanningsprogram med låg søknad. Ho meinte ein må sjå på korleis ein kan løyse kompetansebehovet som arbeids- og næringslivet har – basert på det elevtalet ein har.

– Det har allereie kome høyringsinnspel som peikar på at det feil i talgrunnlaget og at ein ikkje har tatt gode nok omsyn. Det er viktig å få fram i høyringsrunden slik at vi kan fatte avgjerd på rett grunnlag. Det er peika på at det er ting knytt til prinsippa og mandatet som ikkje er svart fullt ut, sa ho.

– Fordelinga i Nordfjord er ikkje god nok

Torvanger gav administrasjonen ei utfordring om at dette må tydeleggjerast på ein betre måte i den neste saka dei skal få til behandling.

– Ap tar ikkje alt administrasjonen kjem med for god fisk. Vi synest enkelte ting er problematiske. Vi har ikkje bedt om ein skulebruksplan, men det er likevel foreslått strukturgrep. Vi synest det er krevjande å skulle sentralisere dei kreative faga, ta vekk YSK-tilbod og vi meiner fordelinga på skulane i Nordfjord ikkje er god nok.

– Å ta utgangspunkt i elevtalsutviklinga har vi alltid gjort i dette utvalet på ein demokratisk måte, heilt konkret basert på søkartal. Og det kan vi ikkje slutte med, supplerte Syversen frå Raudt.

Syversen meinte at ein måtte sørge for gode distriktsskular med breidde sjølv om det kan koste. Med YSK og studiespesialisering på mange stadar.

– Vi reagerer på at nokre skular kjem heilt vanvitig ut i saka, slik som Måløy vidaregåande skule som blir førespegla å måtte ta 16 prosent av det totale kuttet i elevplassar. Det er veldig uheldig for dei som skal søke seg inn på vidaregåande skule at dette er høyringsdokumentet som ligg til grunn, sa Syversen.

Meiner nettskulen burde vore inkludert

Senterpartiet meinte det var sider ved høyringsnotatet som var utfordrande og problematiske utifrå partiprogrammet sitt.

– Vi meiner også at høyringsnotatet ikkje svarer ut bestillinga. Vi skulle ønske at det med nettundervisning som eit supplement, og at dei strategi og måla som er i Grøn Region Vestland var tydelegare kommenterte, sa Alexander Fosse Andersen (Sp), som la til at han håpte dei kom til å lande på ein tilbodsstruktur som tok fråfallet i dei vidaregåande skulane på alvor.

Også Morten Helland (KrF) trakk fram Nettskulen. For han er det tre ting som er viktig å ta omsyn til i denne saka: gjennomføring for elevane, ein desentralisert skulestruktur og samarbeid med næringslivet.

Bjarte Helland (INP) trekte fram dei manglande økonomiske vurderingane i høyringsutkastet. Han ønskte også at ein såg på korleis ein kan bruke gode eksisterande bygg i distiktene i Bergen-regionen i staden for å bygge nytt meir sentralt.

Utvalsleiar Åsmund Berthelsen (SV) nemnde ingen manglar eller svakheiter ved høyringsutkastet i møtet, men har tidlegare påpeika at høyringsgrunnlaget kunne ha svart på fleire spørsmål og ikkje fullt ut svarar på bestillinga.

Men han meinte det ikkje stemde at det mangla faglege vurderingar bak dei store nedtaka:

– Det ligg faglege vurderingar bak. Studiespesialiserande er samla til to skular i fordi ein vil ha eit utvida programområdet på vgs. 2 og vg3 fordi det på nokre programområde er svært lågt tal søkarar, sa han, og sikta mest truleg til Nordfjord der administrasjonen vil samle studiespesialisering på Eid og Stryn vgs.

– Når det gjeld YSK, er det sagt rett ut at det er mest knytt til økonomi. Ein brukar mykje pengar til eit tilbod som ikkje er til så mange.

Skal besøke flest mogleg skular

Utvalsleiaren understreka likevel at det ikkje må bli tilfeldig kor dei ulike tilboda blir. Han vil jobbe for at alle skular skal bestå.

– Ein må bruke klokskap og kreativitet for å nå det eg meiner er målet: å ha tilbod som elevane søker og som arbeids- og næringslivet får arbeidskraft frå. Eg skal besøke flest mogleg skular, og bli kjende med dei før vedtaket i oktober for å vite kva som rører seg på grasrota og i felten, sa han.

Avdelingsleiar opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal, oppfordra alle som har ei meining om å bidra inn i den opne høyringa.

– Det er slik vi kan få lage den beste løysinga til slutt. Det er sterke meiningar frå mange hald og det skulle berre mangle. Det er ei sak som krev engasjement.