Det er NRK Vestland som melder om varselet frå Terje Muri Knausgård til Statsforvaltaten i Vestland. Han er lege ved Redningshelikopteret i Florø og han viser til at det er lettare å sjå sprekka på veg opp enn ned.

Statsforvalteren i Vestland presiserer at ferdsel i norsk natur i utgangspunktet skjer på eige ansvar og har sendt saka til Bremanger kommune og drivaren av Via Ferrata slik at dei kan vurdere situasjonen.

Anne-Mari Planke, leiar for natur og friluftsliv i Den norske turistforening, seier til NRK Vestland at å åtvare for alt i naturen er umogeleg og at det også kan verke mot sin hensikt ved at nokon trur at dei ikkje treng å vurdere risiko.

Rogier van Oorschot, som er grunnleggar, leiar og guide på Via Ferrata Hornelen seier at kommunen har hengt opp varselskilt ved inngangen til Via Ferrata og at selskapet tidlegare har fått nei frå Statsforvaltaren til å sette opp fysisk merking av sprekken.

– 100 prosent av våre gjestar blir leia av guide trygt over sprekken, seier han til NRK.

Bremanger kommune har ikkje konkludert med kva som er den beste løysinga.