– Meldinga kom inn til politiet litt over klokka 07.00 fredag morgon, opplyser operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Frode Kolltveit.

Han fortel at meldinga gjekk ut på at ein bilist hadde sett ein skadd hjort som gjekk langs rikveg 15 like ved kyrkja på Totland.

– Meldinga sa ingenting om at dyret hadde vore utsett for påkøyrsle, men gjekk på at hjorten var skadd, legg Kolltveit til.

Viltkontakta er ifølge operasjonsleiaren orientert og vil følge opp saka.

Ifølge Mattilsynet skal ein hjelpe dyr som ein har køyrt på eller openbert sjuke, skadde eller hjelpelause dyr som ein tilfeldigvis oppdagar. Plikta til å hjelpe gjeld for alle slags dyr, både husdyr og viltlevande dyr, ifølge Mattilsynet.

Dette skal du, ifølge Mattilsynet, gjere om du har køyrt på eit dyr:

  1. finne ut

  • om dyret framleis er der

  • kva slags dyr du har køyrt på

  • kva slags tilstand dyret er i

2. Ringe politiet på 02800 dersom du

  • har køyrt på storvilt

  • har køyrt på ein katt eller et anna husdyr, og du verken får tak i eigaren eller tar dyret med til veterinær

  • er i tvil om du skal ringe politiet

3. hjelpe dyret, dersom dyret framleis er der

4. merke staden der dyret blei påkøyrt, dersom dyret har forsvunne

Storvilt – sjuke eller skadde:

Kjem du over sjukt eller skadd storvilt for eksempel elg hjelper du som regel best ved å ringe politiet på telefon 02800. Det same gjeld sjøpattedyr. Politiet koplar om nødvendig inn kommunens viltforvaltning (viltnemnda).