Det svarte kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen på direkte spørsmål i kultur- og oppvekstutvalet tysdag 24. august.

Vågsøy-politikar Edvard Iversen peika på investering i Skram skule som eit tungt og viktig hasteprosjekt.

– Det bør ikkje setjast i gang prosjekt som det gjerne tar fleire år å fullføre, dersom kommunen blir vedtatt delt, presiserte kommunedirektøren.

Han peika vidare på at dersom det blir fleirtal for deling i kommunestyret i Kinn, så burde ein ut frå tidsfaktoren allereie i september opprette separate politiske utval med vedtekter og delegasjonsmynde for Florø og Vågsøy-delen av kommunen. Men delinga av Kinn kommune vil formelt sett ikkje vere på plass før departementet har laga ei konkret forskrift om deling av Kinn. Det kan tidlegast vere på plass i desember.

– Eg ser for meg at vi må lage budsjett og økonomiplan for Kinn kommune og samstundes to skyggebudsjett, eit for Vågsøy og eit for Florø-delen. Eg ser med gru på det, men det kan hende vi må gjere det. Det har ikkje vore gjennomført slike delingar i kommune-Norge sidan 1972, understreka han.

Han har estimert eit behov for fem ekstra medarbeidarar til å ta seg av delingsarbeidet.