Det spør Statens vegvesen om i ei pressemelding. Dei oppfordrar sjåførar til å unngå farlege forbikøyringar og ikkje ta sjansar på vegen.

Frå 2012 til 2022 er 42 menneske drepne og 223 alvorleg skadde i trafikken i samband med utfartshelgene rundt Kristi himmelfart og pinse, heiter det i pressemeldinga. Fleire av ulykkene er forårsaka av risikofylte forbikøyringar.

– Kanskje tenker du at å køyre i 110 i staden for 90 kilometer i timen er «innanfor», men det doblar risikoen for at du eller medtrafikantar hamnar i ei ulykke der nokon blir skadde, seier Nils Karbø, divisjonsdirektør i Statens vegvesen.

Statens vegvesen åtvarar mot høg fart og farlege forbikøyringar i ferietrafikken Foto: NTB / NPK

Med andre ord aukar ein risikoen betrakteleg ved å auke farten berre ein brøkdel. I tillegg til å auke risikoen, er det også lite å hente ved å auke farten og gjere forbikøyringar, ifølgje Statens vegvesen

– På ei strekning som mange køyrer – frå Oslo til Valdres – med ei gjennomsnittsfart på 70 kilometer/ t og med 20 forbikøyringar i 100 km/t, sparar du 90 sekund. Med andre ord er det svært lite å spare på ein tre timars tur, skriv dei.

Feriesesongen nærmar seg også, og det var mange som døydde i sommartrafikken i fjor. Mellom mai og august i fjor var det 67 drepne, mot 30 drepne året før. Divisjonsdirektøren oppfordrar alle sjåførar om vere fornuftige bak rattet no som langhelger og ferie står for tur.

– Ulykkene frå i fjor er ikkje ferdig analyserte, men vi veit at halvparten av ulykkene kom av fart, rus eller uoppmerksame sjåførar. Derfor vil vi oppfordre alle sjåførar til å halde fartsgrensa, vere edru og halde merksemda på vegen, avsluttar Karbø.

(©NPK)