Namn: Astrid Grete Torheim
Alder: 46 år
Bustad: perla midt i Nordfjord, Stårheim
Sivilstand: sambuar og mor til fire
Yrke: dagleg leiar, Eid frivilligsentral
– Kva planar har du for sommaren?
– Støylsferie, tur til Hordaland, tur til Halden og sjølvsagt Malakoff Rockfestival.
– Kva har du alltid med i kofferten og kva er ditt beste pakketips?
– Har alltid med vekebladet Hjemmet i kofferten. Eg er skikkeleg dårleg på å pakke, så der har eg ingen gode tips.
– Når slår feriekjensla inn?
– Når eg sit utanfor hytta på Fannstøylen (i Stårheimsdalen) med ein kopp kokekaffi og ser på utsikta.
– Kva er ditt beste ferieminne?
– Alle 4H-leirane og 4H-turane eg var med på gjennom ungdomstida.
– Kvar hadde du reist med uavgrensa feriebudsjett?
– Zanzibar, ei av dei vakraste øyane eg veit om. Gjerne kombinert med ein Afrika-safari, og heile familien hadde sjølvsagt vore med.
– Kva kjendis ville du tatt med til ei aude øy?
– Eg er ikkje veldig oppteken av kjendisar, så eg ville tatt med sambuaren og ungane i staden.
– Kvar ville du tatt med sommargjestane dine?
– Til Torheim.
– Kvar likar du best å bade?
– Orheimsvikja på Stårheim eller i stranda på Torheim.
– Kva gjer du i hagen i sommar?
– Plukkar (og et) bær.
– Kva fjelltopp er den finaste om sommaren?
– Blåfjellet, også kalla Kvandalseggja. Fantastisk utsikt i alle himmelretningar.
– Kva er ditt beste festivalminne?
– Både aller første Malakoff i 2003, og Iggy Pop på Malakoff 2016 var store høgdepunkt.
– Kva serverer du helst ein sommardag?
– Osteiskake med bringebærsaus.
– Kva anbefaler du å lese på årets ferietur?
– Eit eller anna av Sigrid Undset.
– Kva eldsjel fortener ei korg jordbær?
– Utan eldsjeler stoppar alt opp. Nordfjord har ein unik dugnadskultur som vi aldri må ta for gitt. Difor fortener alle eldsjelene å bli teke godt vare på med både jordbær, skryt og respekt!