Namn: Helge Hjelle

Alder: 70

Adresse: Måløy

Sivilstatus: gift, to barn, seks barnebarn

Yrke: aktiv pensjonist

Hobby: interessert i all sport, fotball og ski, men per dags dato må eg nok seie at hobbyen min er Måløyraidsenteret og Elvisfestivalen

Aktuell med: Blant arrangørane for Elvisfestivalen som går av stabelen 10.-12. august.

– Korleis går billettsalet?

– Vi er i rute, omtrent på same plass som vi var på same tid i fjor. Men vi sit med eit inntrykk av at vi har fleire utanbys bestillingar i år enn før. Det tydar på at folk begynner å få auga opp for denne festivalen.

– Kva med vågsøyværingane?

– Vi veit av erfaring at dei kan vere litt treige med å skaffe seg billett, men det skyt nok fart når vi går inn i den siste veka før festivalen. Men for kyrkjekonserten er allereie to tredel av billettane selde, så her kan det vere lurt å sikre seg billett i god tid. Det er berre éin konsert og berre eitt visst tal folk som får plass i kyrkja.

– Kva sel best?

– Det er nok kyrkjekonserten. Den blir garantert utseld. Teltarrangementa fredag og laurdag sel også bra, men teltet tek jo mange folk, så det blir ikkje på same måte som i kyrkja.

– Passar nokre av konsertane for barn?

– Absolutt! Det er full anledning til å ha med seg barn, både på kyrkjekonserten og på hovudshowa i teltet fredag og laurdag. Her har vi eigne barnebillettar for sal. Men barna må vere i følgje med vaksne.

– Kva med det nye konseptet Elvis Barbecue Dinner?

– Også her går billettane unna. Det er plass til 300 og vi nærmar oss dei første 100. Dette blir eit flott opplegg i samarbeid med Kraftstasjonen som står for all mat. Her blir det barbecue «the American way», fin oppdekking og passande taffelmusikk.

– Kva gler du deg mest til sjølv?

– Eg gler meg til alt, heile festivalen. Vi har halde på i fire år no, men aldri hatt eit progam som dette. Det er rekordtal artistar, både internasjonale og lokale, og kvaliteten er heilt fantastisk.

– Sjølve rigginga startar snart. Har de nok folk til arbeidet?

– Det er aldri nok folk! Om det er nokon som kunne tenkt seg å vere med og hjelpe til før og under festivalen er det ikkje for seint. Det er berre å ta kontakt, så får ein uniform og deltek på lik linje med alle dei andre frivillige i festivalen.