Kristeleg Folkeparti sitt fylkesårsmøte vil ikkje sitje å vente på Stad skipstunnel før dei tek hurtigbåt nordover.

KrF luftar igjen tanken om hurtigbåtsamband mellom Leikanger og Ålesund.

– Det vil vere viktig alt no å få på plass det reisemønsteret som automatisk kjem den dagen vi får eit hol i fjellet, seier fylkestingspolitikar og førstekandidat på stortingslista til KrF, Trude Brosvik.

Brosvik seier at ho ikkje veit om og i tilfelle når denne saka vert lyfta inn for fylkestinget.

– No har fylkesårsmøtet sendt eit signal til oss om at dette er ei prioritert oppgåve og så får vi ta det derifrå, seier Brosvik.

Ho legg til at dette også var eit spørsmål ho reiste då ho sat i det fylkeskommunale samferdsleutvalet.

Brosvik seier at dei tenkjer seg at båten frå Stadlandet skal knytast på hurtigbåtrutene frå Bergen til Selje med ein buss over Sandvikeidet.

Les heile saka i papirutgåva onsdag 6. mars.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.