KrF-leiar Knut Arild Hareide var tydeleg på at han vil kjempe for realisering av Stad skipstunnel då han gjesta Selje denne veka.

– Sjølv om vi til tider har stilt oss spørsmålet om kor vidt Stad skipstunnel nokon gong blir realisert, er dette er eit prosjekt KrF har kjempa for. No er vi opptekne av å kome i mål. Det komande året blir veldig avgjerande, fordi Nasjonal Transportplan skal leggjast fram for stortinget om mindre enn eit år. Arbeidarpartiregjeringa hadde Stad skipstunnel inne med ein milliard kroner i andre periode ved sist rullering. Det er viktig at prosjektet kjem i første periode no, for då har begge regjeringane sagt ja, og då må Stad skipstunnel kome, seier Hareide til Fjordenes Tidende.

Prosjektleiar Randi P. Humborstad seier ho har håp om at arbeidet med tunnelen skal kome i gang allereie i 2019.

Kloster, jordbruk og havbruk

Hareide har sagt han skal vitje alle dei 17 KrF-ordførarane i landet, og det var i samband med det han kom til Selje måndag. Stein Robert Osdal vart valt til ordførar for KrF i Selje etter kommunevalet i haust.

Det var første gong Hareide var i Selje sentrum. På programmet stod informasjon om Stad skipstunnel ved Randi Paulsen Humborstad, dagleg leiar i  Nordfjord Vekst.

Følte seg heime

– Eg har berre så vidt vore i Selje ved eitt høve i 2004 då eg var på vitjing i Vanylven. Vi var innom Selje kommune for å sjå kvar skipstunnelen skulle gå. Men det er første gong eg er på denne staden. Eg må seie eg kjenner meg heime, for Selje har mange likskapstrekk med min eigen heimstad Bømlo, seier politikaren som er vald inn på stortinget for Hordaland.

Fantastisk, oppsummerte leiar for Kristeleg Folkeparti Knut Arild Hareide (43) då han vitja Selja kloster denne veka. Frå venstre Bjørn Jensen, Randi Paulsen Humborstad, Hareide og Selje-ordførar Stein Robert Osdal. Foto: Jørn-Arne Tomasgard

– Bør sikte mot Unesco-liste

– Eit naturleg mål å sikte mot verdsarvlista til Unesco, meiner Knut Arild Hareide.

KrF-leiaren sette tydeleg personleg pris på å få vitje den historiske religiøse staden Selja kloster denne veka.

– Fantastisk, uttalte han etter å ha rusla i klosterruinane. Då det vart snakk om muligheita for å få klosteret på verdsarvlista til Unesco, uttalte han:

– Ja, det må vere eit naturleg mål.

– Det finst veldig mange kloster rundt om i verda. Men det kan vere ein sjans om vi kombinerer med resten av miljøet her.

Mirjam Friberg i Selje Sau og Geit supplerte med at unike lyngheier og myrer frå før istida på Stadlandet, kombinert med miljø som Hoddevik og Ytre Fure, kunne gjere det mogleg å få innpass på verdsarvlista.

Sidan det var mykje snakk om Stad skipstunnel i samband med besøket, påpeika Jensen at også klosteret kan sjåast i samanheng med den i eit historisk perspektiv.

– Det er truleg at dei slo seg til her fordi det var ein stad ein måtte vente på betre vêr for å kome vidare.