Søknadsfristen til vidaregåande opplæring gjekk ut 1.mars. No presenterer avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse tala som syner førsteønska til søkarane.

Flest søkarar til yrkesfag i heile fylket

58,4 prosent av ungdomane som søkte skuleplass på vg1 har i år yrkesfagleg utdanningsprogram som sitt primærønske. Dette er ein liten auke frå i fjor. I inntaksområdet stor-Bergen har 51,8 prosent av ungdomane yrkesfag som primærønske.

Dei yrkesfaglege utdanningsprogramma som opplever prosentvis størst auke i primærsøkarar til vg1 er elektro og datateknologi og teknologi og industrifag.

Søkartala til alle dei studieførebuande utdanningsprogramma har nedgang. Den største nedgangen er til vg1 medier og kommunikasjon og vg1 musikk, dans og drama.

Neste års søkarar til Måløy vidaregåande skule. Foto: Skjermdump Vestland fylkeskommune
Neste års søkarar til Eid vidaregåande skule. Foto: Skjermdump Vestland fylkeskommune
Neste års søkarar til Firda vidaregåande skule. Foto: Skjermdump Vestland fylkeskommune
Neste års søkarar til Stryn vidaregåande skule. Foto: Skjermdump Vestland fylkeskommune
Neste års søkarar til Firda vidaregåande skule. Foto: Skjermdump Vestland fylkeskommune

Auke i søkarar til læreplass

Det er i alt 2869 som no søker læreplass i Vestland fylke. 2394 av desse søkarane har ungdomsrett.

Dette er ein auke frå i fjor, då tala for dei med ungdomsrett var 2366 og totalt søkarar til læreplass var 2823.

Vidare tidsplan for inntak til vidaregåande skule for skuleåret 2024/25

  • 8. juli: første inntak.

  • 15. juli: svarfrist første inntak.

  • 23. juli: andre inntak.

  • 30. juli: svarfrist andre inntak.