Namn: Camilla Degnepoll Kupen
Alder: 37 år
Sivilstand: gift
Yrke: jobbar i vernepleietenesta i Selje
Bustad: Venøy
– Kva er du mest oppteken av?
– Familien min. Dei er det mest dyrebare eg har.
– Kva gjer du på fritida?
– Fjellturar, båtturar, og er saman med vener og familie.
– Kven beundrar du?
– Eg beundrar dei eldre. Dei har så mange gode historier frå livet.
– Kva er det beste med heimstaden din?
– Havet, naturen og fridomen eg har rundt huset.
– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?
– Endeleg ny veg mellom Måløy og Selje.
– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?
– Då ville eg ha besøkt dei eldre og bustadane i vernepleietenesta.
– Kva kulturoppleving hugsar du best?
– Bruce Springsteen konsert i Bergen i 2012.
– Kva har du på nattbordet?
– Telefonen min.
– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?
– Er innom ulike interiør-kontoar, facebook, instagram og snapchat.
– Kva er meininga med livet?
– Å leve livet. Det kjem ikkje i reprise.