– Vi har i dag fleire enkelttiltak til brukarane, og ser at dette ikkje er heldig. Vi er glad vi no nærmar oss eit samla tilbod med eit fagmiljø, seier Krogh.

Tenestene det er snakk om er lovpålagde, og Eid kommune har tidlegare fått pålegg frå fylkesmannen om utbetringar. Det nye bygget er ein del av det biletet, men også ein følgje av at kommunane har fått overført oppgåver frå staten.

Kommunepsykologar

Kommunane Eid, Selje, Bremanger, Stryn og Gloppen har no gått saman om å tilsette tre kommunepsykologar som skal ha base på Eid.

Bygget på Myroldhaug er tenkt å vere ein stad for dei som har spesielle utfordringar, ikkje knytt til ein bestemt diagnose, men der brukarane over 18 år har behov for spesiell tilrettelegging, til dømes tryggleikstiltak. Målet er at dei nye lokalitetane skal trygge og roe brukaren, og at det blir brukt minimalt med tvang.

Kommunane har fått større og meir krevjande oppgåver som følgje av endring og reform.

– Dette er noko alle kommunar no jobbar med. Vi er i kontakt med fleire kommunar som følgjer med på vårt prosjekt, seier Krogh.

Omsorg 24/7

– Det er personar med ulike behov som skal bu her. Ikkje alle ynskjer å bu i eit fellesskap. Det blir eigen inngang til bustadane, men samstundes høve til å vere i fellesskap for dei som ynskjer det, forklarer fagleiar for psykisk helse og rus, Anne Terese Eikeland.

Ho har stor tru på effekten ved at ein samlar fagmiljøet.

– Det er viktig at folk skal føle at dei har sin eigen bustad. Samstundes skal dei ha tilgang til pleiarar som jobbar i fast turnus 24 timar i døgnet, sju dagar i veka. I dag er desse bebuarane spreidd rundt i ulike bustader i kommunen, eller dei bur heime, seier Eikeland.

– Ressurskrevjande gruppe

Pasientane med spesielle behov er ei ressurskrevjande gruppe som krev mykje oppfølging og konstant omsorg.

Ifølgje kommunalsjef Kari Krogh har Eid kommune i dag ti tiltak med heildøgns omsorgsplassar, der bemanninga er ein til ein eller to til ein.

Det er om lag fem-seks årsverk på kvart tiltak, slik at det samla er kring 60 årsverk på dei ti tiltaka.

– I dag har vi bebuarar spreidd på ulike stader som Høgebakkane, Gjerdane og Elvebøen. Ikkje alle kan flytte inn i dei nye omsorgsbustadene. Alle dei ulike bumiljøa i kommunen vil halde fram å eksistere i ei eller anna form, seier Kari Krogh.

Låner 29,5 millionar til bygget

Totalsummen på det nye omsorgssenteret er 49,6 millionar kroner ekskl. mva.

Tilskot frå staten gjer at summen Eid kommune må låne er cirka 29,5 millionar kroner.

– Bebuarane skal betale husleige i bygget. Det blir eit bufellesskap med heimeteneste, der det også vert lagt opp til at dei som jobbar der har arbeidsplassar med medleveturnus i langvakter og høve til å overnatte, seier prosjektleiar Torfinn Myklebust i Eid kommune.

Han fortel at dei for tida held på med tilbodsgrunnlaget. Han trur bygget kan stå ferdig første halvår 2019. Tomta der bygget skal plasserast, kjøpte kommunen samstundes med tomta der Hogatunet bu- og behandlingssenter no ligg.

– Vi tek omsyn til klima og miljø og skal byggje i massivt tre. Til dette kan vi få tre millionar kroner i stønad frå klimasatsordninga. Vi jobbar også med solcelle og fjordvarme som energiformer. Dette håpar vi å få stønad til frå Enova, men det er ikkje endeleg avklart.

Han seier det kan bli aktuelt å selje bygg der det no blir frigjort plass grunna utbygginga.

– Kommunen leiger mykje. Vi har sagt vi skal leige 20 prosent, men skulle vi halde oss innanfor det, måtte vi hatt 20 nye bustader som vi eig sjølv.