Nyvalt dagleg leiar i Måløy havfiskefestival, Sunniva Oldeide (t.h.), håpar saman Kim Andre Holvik-Eriksen (f.v.), Eirik Føleide og Mette Sandal å få til fleire arrangement under årets havfiskefestival. Ho understrekar at det er viktig at ein får til eit godt arrangement i år sidan festivalleiinga neste år skal arrangere EM i havfiske. – Dette blir eit prøve-EM for oss, difor er det viktig at vi får til ei god organisering i år, slik at vi kan løfte oss enno nokre hakk til neste år, seier Oldeide, som er glad for at ho får eit år å bu seg på før meisterskapen kjem til Måløy.
Foto: Marianne S. Rotihaug