Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 14. august.

– Det er alvorleg om dei som handhevar reglane ikkje sjølve følgjer dei

Igjen er Vågsøy kommune i byggje- og anleggstrøbbel. Fredag kunne Fjordenes Tidende fortelje at arbeidet med ombygging av Holvik barnehage er stansa. Grunnen er at kommunen i sommar starta ombygginga av barnehagen utan at formelle løyver var på plass. Kommunen hadde verken byggjeløyve eller godkjenning frå Arbeidstilsynet.

Dette minner om flyttinga av bygget til drift- og anleggsavdelinga i Vågsøy frå Moldøen til Ivahavet for to år sidan. Då vart anlegget teke i bruk før det var formelt godkjent. Då sa rådmann Knut Ove Leite at han vurderte bygget som trygt trass i at brannsjefen truga med å stenge bygget på grunn av det han omtalte som «store alvorlege manglar». Og no er kommunen igjen i formelt byggjetrøbbel når dei har valt å stanse delar av arbeidet i barnehagen etter at fleire, deriblant kommunen si eiga planavdeling, har påpeika manglande byggjeløyve.

Det er alvorleg dersom dei som skal handheve lover og reglar ikkje sjølve følgjer dei same reglane. Rådmannen meiner dei same reglane gjeld for kommunen som for private. Men i desse to prosjekta er det heilt tydeleg at kommunen har teke seg til rette i strid med lover og reglar. Hadde private teke i bruk eit bygg før kommunen sine brannstyresmakter hadde godkjent det, så hadde det blitt reagert. Og dersom private startar eit byggjeprosjekt før det er gitt byggjeløyve, så reagerer kommunen også strengt. Her luktar det forskjellsbehandling. Det er ikkje bra. Det byggjer ikkje tillit. Innbyggjarane må kunne stole på at dei som har ansvaret for lover og reglar sjølv følgjer dei. Anten har ein byggjeløyve eller så har ein ikkje det. Har ein ikkje byggjeløyve, så er det ikkje lov å starte bygging. Dette må også gjelde for kommunar like mykje som det gjeld for privatpersonar.