– Det var heilt enormt å få beskjeden, eg gliste ei heil veke etterpå. Ja, eg gjer det for så vidt enno, seier Signe Elisabeth Belden, til Fjordingen, som først omtalte saka.

34-åringen vart i oktober kåra til norgesmeister i si vektklasse, og tok samstundes norsk rekord i knebøy (152,2 kilo) og samanlagt (410 kilo).

– Det er gøy å vite at eg har eit enda større potensial, la ho til.

Etter å ha fullført eit regionmeisterskap og eit norgesmeisterskap i 2017, samt oppfylt krava til EM to gonger og VM ein gong, var Signe Elisabeth Belden meir enn kvalifisert for opptaket til landslaget i styrkeløft.

– Det vil bety alt om eg kjem med. Eg har jobba målretta og aktivt for dette i to år, sa Belden i oktober.