– Vi har med oss dei som nettopp har byrja og dei som er inne i sitt tredje år som musikantar. Eg trur aldri vi har vore så mange på ein konsert før, innleia dirigent Lisbeth Våge.

Konserten var ein del av Kulturdrysset i Samfunnshallen fredag kveld. Dette er ein del av Kulturnatta i Vågsøy. Her kunne ein også sjå Seniordansarane, turnoppvising frå MIL Turn, fleire innslag med Vågsøy kulturskule, Skavøypoll Skulemusikkkorps sine drilljenter, aspirant- og juniorkorpset og Skavøypoll Skulemusikkorps og Holvik skulemusikk som spelte saman.

I Svelgen var det høve til å lære seg å spele ukulele, det var lesestund for dei minste på biblioteket, open kafé op Samfunnshuset, barnekino og ungdomsaktivitetar i gamle gymsalen.

I Selje kommune har det så langt vore moglegheit til å bli kjent med dei nye internasjonale innbyggarane i Selje då det vart arrangert besøksdag på vaksenopplæringa.

Fredag kveld var det konsert i Stadlandet grendahus med Selje og Stadlandet skulekorps, Line Dybedal, Håkon Stave, 3. og 4. klasse skulekor, dansegruppa Motion og «ulveungane» frå Kulturskulen.

I Jonaslåven i Ervik er det i helga open låve med skating og turning. Det vart også arrangert hovudlykt-tur til Klipet og Kvernhusdalen.

I Eid har det vore vikingsamling for barnehagebarna på Rundehogjen på føremiddagen og underhaldning frå kulturskulen på Hogatunet, Eid eldretun og Elvebøen.

På Kringla var det bokkafé, på Amfi ny utstilling med musikalske innslag i Det Kreative Rom, konsert med Kari Bremnes i Operahuset og kulturnattpub i Bankkjellaren Bar og Gjestestove.

Du kan lese meir om Kulturnatt i Nordfjord i Fjordenes Tidende tysdag.