Kari Sæther har skrevet dette innlegget på vegner av personalet ved Holvik skule. Innlegget sto på trykk i Fjordenes Tidende fredag:

Holvik skule – igjen

Skulenedlegging er tydelegvis ein sak som engasjerer mange. Vi som jobbar på Holvik skule har følgt debatten og hadde i utgangspunktet ikkje tenkt å seie noko denne gongen. No føler vi derimot at debatten har fått ei «slagside» der berre personar som ønskjer å leggje ned skulen står fram i media. Det er heilt greitt og naturleg å ha ulike synspunkt i ei sak. Alle må sjølvsagt få seie meininga si, men vi opplever ein del argument/påstandar som direkte faktafeil. Nokre av dei kan vi dessverre ikkje kommentere ut ifrå dei jobbane vi har, men nedanfor er iallfall nokre punkt som vi ønskjer å formidle.

  • Holvik skule er ein fådelt skule og er 4-delt. Dette betyr at det er fire klassar ved skulen – ikkje 7 klassar som ved fulldelte skular. Dette skuleåret er det 14 elevar i 1.-2. klasse, 12 elevar i 3.-4., 14 elevar i 5.–6. og 11 elevar i 7., altså 51 elevar totalt. Kven som går i lag med kven vil variere noko mellom aanna ut ifrå tal elevar på kvart årssteg og ulike pedagogiske omsyn. 10 elevar skal begynne til hausten.

  • Elevane får opplæring ut ifrå sitt klassesteg i basisfaga norsk, matte og engelsk sjølv om dei er i lag med eit anna klassesteg.

  • Som andre elevar i kommunen, får elevane symjeopplæringa si på Skram. Samtidig med bading har elevane ved Holvik skule gym og «sløyd» for dei eldste der ein periode av skuleåret. (jf. same skyss)

  • Det er få pedagogiske, faglege eller sosiale argument som støttar nedlegging.

  • Der er ikkje noko automatikk i at elevane vil få ei betre opplæring i større klassar. Ein vil nok kunne få både gode og dårlege erfaringar uansett storleik på skulane.

  • Det er lettare å gi «tilpassa opplæring» i mindre klassar. Store klassar vil kunne medføre større trong for ekstra ressursar til einskildelevar. Vi som jobbar ved skulen, opplever at politikarane gjentekne gonger har brukt Holvik skule i eit politisk spel. Det er ikkje måte på kor mange gode, nye tiltak kommunen vil kunne få dersom skulen blir lagt ned. Desse tiltaka vil vel òg krevje driftsutgifter etter kvart. Det er utruleg slitsamt å oppleve dette gong på gong. Det «tapper» personalet og tar mykje tid og energi som vi kunne ha nytta på betre måtar. Det gir oss også ein veldig uforutsigbar arbeidssituasjon. Retten til å kunne gå på skule i nærmiljøet – også for elevane i Vestre Krets er eit verdival. Sats på god inkludering, trivsel og tryggleik i nærmiljøet. Det er iallfall kjekt å vite at vi har det store fleirtalet av foreldra bak oss i ønsket om å ikkje leggje ned Holvik skule. Vi står på vidare!