Denne leiaren er skriven av redaktør Erling Wåge, og stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 16. september:

Denne veka la den same etaten fram planar for rassikring av Rv 15 over Strynefjellet. Dei går inn for ein ny tunnel på 16,6 kilometer frå Skåre til Breidalen, og ein sidetunnel til Geiranger. Prislappen her er 5,4 milliardar kroner,

Strynefjellsvegen betyr mykje for mange i Nordfjord og på Søre Sunnmøre. Med den standarden den har no så er den ofte meir ein flaskehals og ikkje ein trygg heilårs-stamveg. Det er eit sterkt behov for utbetring av Strynefjellsvegen slik at den blir ein trygg og god veg både for folk og næringslivet i regionen som er open heile året.

Det er viktig å minne dei som sit på pengesekken og prioriterer at det er mange mindre prosjekt som også treng pengar og utbetring, og at desse ikkje må gløymast.