Politiet i Eid har torsdag kveld aksjonert mot narkotikamiljøet.

Dei har teke fire personar som dei mistenker har hatt narkotika og som var rusa då dei vart stansa av politiet.

Personane vart tekne i to bilar på to ulike plassar.

Førarane av dei to bilane er også mistenkte for å ha køyrt i rusa tilstand, og vart tekne med til lege for blodprøve.

Lensmann i Eid, Vebjørn Moa, seier politiet har teke beslag i førarkorta til dei to førarane.

Moa seier beslaga vart gjort i etterkant av at personen som stal ein Porsche vart pågripen i ei leilegheit i Eid sentrum like før.

Han vil ikkje kommentere korleis dei kom på sporet av denne saka.

Personane var ikkje avhøyrde då Fjordenes Tidende snakka med lensmannen litt etter klokka 19.00.

Lensmannen sjølv var med på å pågripe nokre av dei som er tekne. Han måtte sjølv til lege for å få stivkrampesprøyte etter å ha blitt biten av ein hund i samband med pågripinga.

- Det er ikkje noko alvorleg eller store greier, seier lensmannen til Fjordenes Tidende.

Han fortsette tenesta etter besøket hos legen.