Kato Bøe frå Stryn var den som drog på land den aller tyngste fisken i løpet av dei fire dagane med NorgesCup under Måløy Havfiskefestival.

Årets tyngste fisk blei ein torsk på 12,5 kilo.

Han fortel at han enda på 6. plass på fredag, og at han fiska med reiskap eigna for større fisk i dag, laurdag.

Han er særs nøgd med å ha fått i land sigersfisken.

Stig Solheim frå Vågsvåg vann folkeklassa for andre året på rad med ei lange på 7,6 kilo. Han står no med to av to moglege sigrar under Havfiskefestivalen.

Solheim følgte fjorårets suksessoppskrift og var ute i same båt, med same mannskap som sist.

- Det er først og fremst veldig kjekt, og vi storkosar oss i lag når vi er ute å fiskar, fortel han og legg til at han nok kjem til å vere med å halde nivået oppe neste år også.

I morgon avsluttast Måløy Havfiskefestival med familiefiskekonkurranse på fiskerikaia i Måløy.